Fagarbeidar/assistent 100% vikariat 01.01.2027 - 01.05.2027

Ulvik Herad Ulvik barnehage · ULVIK, NORGE · for 1 md. siden
Driftvia arbeidsplassen.no
Søk
Ulvik barnehage ligg på Lekve, ca to km. frå Ulvik sentrum. Her er eit stort og flott uteområde, med tilgang til eit rikt nærmiljø med både natur- og kulturopplevingar. Barnhagen har fire avdelingar, to småborns- og to storbornsavdelingar, med plass til rundt 60 born tilsaman. Ulvik herad er ein heilskapleg kommune, der barnehagen er ein sentral del av fellesskapet. I barnehagen skal dei yngste innbyggjarane møta ein trygg arena for utvikling, leik og samspel. Me legg stor vekt på høg fagleg kvalitet og jobbar aktivt for at dei tilsette får utvikla og vidareutvikla kompetansen sin.   Ulvik herad har starta bygging av ny barnehage.   Hovudsatsing  for barnehagen er inkluderande barnehagemiljø og berekraft, samt  uteaktivitet og natur som læringsarena.  Målet til Ulvik barnehage er også «Ein stad der alle trivst»     Kvalifikasjonar : Fagarbeidar/assistent • Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar   Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, kan kommunisera godt med barn, kan arbeide sjølvstendig, ynskjer å læra av og med andre, er utviklingsorientert, har positivt barnesyn, har humor og god relasjonskompetanse.   Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.