Rådgivande ingeniør brann Nordfjordeid og Vågå

Nordplan As Avd Nordfjord · NORDFJORDEID, NORGE · for 4 d. siden
5+ år nevntAnnetvia arbeidsplassen.no
Søk
I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon. Du blir del av eit tverrfagleg miljø med planleggjarar, landskapsarkitektar, arkitektar og ingeniørar. Vi tilbyr eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø, med fleksibel arbeidstid som gir god balanse mellom prosjekt og privatliv. Hva vi ser etter • Minimum 5 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule • Erfaring i bruk av Revit • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gjerne engelsk Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåvene vil primært vere utarbeiding av brannsikkerheitstrategi, altså brannkonsept, for både nybygg og eksisterande bygningar. Dette omfattar også god kjennskap til fråviksdokumentasjon. I tillegg ser vi at brannteknisk tilstandsvurderingar blir meir ein del av arbeidsdagen. God kjennskap til tidlegare byggeforskrifter er ønskeleg. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor, og du får stor påverknad på både prosess og ferdige prosjekt. Nordplan gir store utviklingsmoglegheiter for medarbeidarar som ynskjer og evner. • Brannteknisk rådgjeving internt i Nordplan og i eigne prosjekt • Utarbeiding av brannkonsept, brannteikningar og rømningsplanar for byggeprosjekt • Utarbeiding av brannteknisk tilstandsvurdering av eksisterande bygg Vi tilbyr Du får konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi jobbar med mange spennande prosjekt, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar og ønskjer utfordringar. Les gjerne meir om referanseprosjekta våre her.

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.