Kokk- ledig fast 80% stilling

Vestre Slidre kommune · SLIDRE, NORGE · for 1 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Vestre Slidre helsetun har ledig 80% fast stilling på kjøkkenet. Vi jobbar i team, med to til tre kokkar pr vekedag, og har dagturnus, med arbeid kvar fjerde helg.  Vi har eit moderne kjøkken, og produserer mat til alle på helsetunet, samt til ein del heimebuande. Det er også mogleg å bestille catering frå oss. Vi har kantinedrift, som kjøkkenpersonalet har ansvar for, og denne er open alle vekedagar. Arbeidsoppgåver • Dagleg matlaging • Dagleg reinhald  • Baking • Distribusjon av middag til heimebuande Kvalifikasjonar • Ernærings/diettkokk  • Erfaring frå arbeid innan institusjonskjøkken er ønskeleg, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga, og på tvers med andre faggrupper • Fint med stor arbeidskapasitet • Evne til å skape framdrift åleine, og ilag med andre • Fleksibel og løysingsorientert • Personlig eignaheit vert vektlagt Vi tilbyr • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting • Gode forsikrings- og pensjonsordningar • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar Kontaktinformasjon Bente Haugen, Tenesteleiar Vestre Slidre Helsetun, 99690622, bente.haugen@vestre-slidre.kommune.no Arbeidsstad Slidrevegen 16 2966 SLIDRE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune Referansenr.: 5183908896 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 05.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.