Fysioterapeut

Volda kommune, Helse og forvalting · VOLDA, NORGE · for 14 d. siden
Helsevia arbeidsplassen.no
Søk
Vi søkjer etter deg som er ein fagleg dyktig fysioterapeut som ynskjer å bruke kunnskap og kompetanse til det beste for kommunen sine innbyggarar. Stillinga er knytt til seksjon førebygging og rehabilitering, og er organisert under avdeling helse og forvaltning i helse og omsorgssektoren. I seksjonen finn du fastløna fysioterapeutar, ergoterapeutar, fagutviklingssjukepleiar og avtalefysioterapeutar. Ein del av stillinga som er utlyst er knytta til rehabiliteringspasientar på korttidsavdelinga, men stillinga vil også innehalde kurative, helsefremmande og førebyggande oppgåver. Vi søker difor etter ein fysioterapeut med brei fagleg kompetanse, spesiell interesse og engasjement innan rehabiliteringsfeltet og som gjerne har erfaring frå og ønske om å drive gruppebehandling. Kommunen er oppteken av å stå sterkt rusta for å møte både dagens og morgondagens utfordringar. Førebygging, rehabilitering, meistringsfokus og tidleg innsats er sentralt i tenesteutviklinga. Vi ynskjer ein fysioterapeut som vektlegg dette. Arbeidsoppgåver • rehabilitering av pasientar på korttidsavdelinga, og i overgong heim • behandling individuelt og i grupper • råd og rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar.  • deltaking i ulike samarbeidsfora/møter • bidragsytar i det førebyggande arbeidet i kommunen Arbeidsoppgåvene er ikkje uttømande og vil kunne endre seg etter behovet i seksjonen og kommunen. Kvalifikasjonar • autorisert fysioterapeut med interesse for arbeid i kommunehelsetenesta • gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg • ønskeleg med erfaring frå rehabiliteringsarbeid • ønskeleg med erfaring frå individ og gruppebehandling • kunnskap om IKT - verktøy og elektronisk samhandling • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • stor arbeidskapasitet, der du meistrer å prioritere arbeidsoppgåver i ein travel kvardag • at du utfører arbeidsoppgåver med god kvalitet og yrkesfagleg stoltheit • at du er open for nye måtar å jobbe på, er nysgjerrig og tek initiativ • har positive haldningar og stor fleksibilitet • evne til å arbeide sjølvstendig og ta sjølvstendige avgjersler • at du verdsetter å dele kunnskap med andre og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø • personlege eigenskapar er avgjerande Vi tilbyr • høve til å påverke eigen arbeidskvardag • eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • fagleg og personleg utvikling • løn etter gjeldande avtalar Kontaktinformasjon Randi Heltne Alfsvåg, Seksjonsleiar, 95253450, randi.heltne.alfsvag@volda.kommune.no Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no Arbeidsstad Barstadmarka 2 6102 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5175616810 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.