AK
Sjukepleiarstillingar ved Såta bu- og servicesenter
Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter
Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som nettopp har utvida med 13 plassar? Då søkar vi etter deg! Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg som en prøve. Vi har årsturnus.
Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar.
Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.
Om Såta bu- og servicesenter
I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane for personar med demenssjukdom som vi allerede har. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Arbeidsoppgåver
• Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar
• Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane
• Utføring og oppfølging av til dømes:
• legemiddelhandsaming
• ADL
• sårstell
• ernæring og væskebehandling
• lindrande behandling
• Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak
• Veileding av kollegaer og studentar
• Samarbeid med pårøyrande
• Tverrfagleg samarbeid
• Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar
Kompetansekrav
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Kven er du?
Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.
Vi tilbyr
• Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling
• Årsturnus
• Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune