Overlege, spesialist i psykiatri og/eller spesialist i barne- og ungdompsykiatri

Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen HF · BERGEN, NORGE · for 4 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Tre avdelingar er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling. To avdelingar er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Regional avdeling spiseforstyrringar. Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som overlege ved RAS vil du ha behandlingsansvar for pasientar i sengepost og bistå med veiledning i vårt tverrfaglige Responsteam. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team saman med overlege, psykologspesialistar/psykologar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar. Teamet har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest.    RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt eit eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge. Arbeidsoppgåver • Utgreiing og diagnostisering av pasientar knytta til avdelinga • Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling • Deltaking i tverrfagleg team • Samarbeid med lokale behandlingsteam for å sikre samanhengande pasientforløp • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt i Helse Vest • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet • Rettleiing av LIS Kvalifikasjonar • Godkjend spesialist i psykiatri og/eller i barne- og ungdomspsykiatri • Erfaren lege i spesialisering (LIS 3) som snart er godkjend spesialist kan også søke • Det er ein fordel med erfaring frå behandling av pasientar med spiseforstyrringar • Søkar må meistre norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg • Norsk autorisasjon Personlege eigenskapar • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din • Du er motivert, fleksibel og løysingsorientert • Du trivast med å jobbe i tverrfagleg team • Du har gode evne til kommunikasjon og samarbeid • Du bidrar aktivt til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø • Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna Vi tilbyr • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer • Høgt fagleg nivå • Anledning til forsking • Deltaking i kompetanseprogram inkludert deltaking i internasjonalt samarbeid på fagfeltet • Lønn etter avtale   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Knut Olaf Skårdalsmo, Avdelingssjef, 55958774 Anders Hartwig, Overlege, 48248507 Arbeidsstad Haukelandsbakken 15 5009 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5181737007 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.