FB
Bussjåfør i Firda Billag Buss
Vi treng fleire kollegar og har jobb til deg!
Firda Billag Buss ser etter deg som ynskjer å jobbe som sjåfør i Deknepollen, Selje og Nordfjordeid! Og du, har du kun C eller CE - sjå her!
Vi tilbyr faste stillingar, men ynskjer du deltid eller tilkalling er det og ein mogelegheit. Vår busspark er heilt ny, så du vil få godt moderne utstyr å jobbe med.
Trivst du i eit aktivt miljø, vil du vere vårt ansikt utad, har godt humør og vil vere ein del av vårt gode arbeidsmiljø - då må du søke.
Vi ser etter deg som:
• trivst bak rattet og har ekte glede av å møte menneske
• er serviceinnstilt, roleg og profesjonell – også når det hastar
• tek ansvar, held hovudet kaldt og har eit auge for tryggleik
• bidreg positivt til arbeidsmiljøet og lagånda
• har førarkort klasse D og YSK (eller er motivert for å ta det)
• du må kunne kommunisere på norsk
Vi tilbyr:
• Konkurransedyktige vilkår
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Turnusar som gir rom for både jobb og fritid
• Eit sterkt og sosialt arbeidsmiljø med samhald og humor
• Ein arbeidskvardag der du verkeleg betyr noko for folk