Sjukepleiar

Kvam heimeteneste · NORHEIMSUND, NORGE · for 15 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Er du vår nye kollega? Me søkjer etter sjukepleiar til 100 % vikariat i Kvam heimeteneste • Som sjukepleiar hos oss vil du gje fagleg oppfølging og sjukepleie til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad • Stillinga er ledig frå oktober og for tida i turnus med arbeidshelg kvar 3. helg Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.  Arbeidsoppgåver • Sjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam. Sjukepleiebistand inn i omsorgsbustad. Oppfølgjing etter førespurnad frå responssenteret • Elektronisk dialog og kontakt med fastlegar/sjukehus/spesialisthelseteneste • Organisering og handtering av tiltaksplanar for oppfølgjing av heimebuande • Utføring av medisinske prosedyrar etter vedtak • Administrasjonsoppgåver knytt til legemiddelhandtering Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Du må kunne arbeida sjølvstendig  • Må ha førarkort klasse B • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg  Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.  Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: • er fleksibel, løysningsorientert og tek ansvar • kan samarbeide med kollegaer og samarbeidspartnarar • møter andre på ein respektfull og open måte • deler og aukar kunnskap • er open for endringar • kan nytte digitale verktøy Vi tilbyr • Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) • Gode pensjons-/og forsikringsordningar           Generell informasjon: • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak. • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.    Kontaktinformasjon Charlotte Bjørge, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 48208990 Arbeidsstad Aldehagevegen 42 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5178388174 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 24.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.