Diabetessjukepleiar til spennande kombinasjonsstilling

Medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse, Stord Sjukehus · STORD, NORGE · for 7 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
🩺 Vil du vera med og vidareutvikla diabetesoppfølginga vår, og samtidig bli ein del av eit breitt medisinsk fagmiljø? Ved Medisinsk poliklinikk på Stord sjukehus har vi ledig 50 % stilling som diabetessjukepleiar. Stillinga vert kombinert med 50 % stilling på sengepost med helgearbeid, slik at ho til saman utgjer ei 100 % stilling. 💙 Ved Medisinsk poliklinikk møter du eit breitt spekter av pasientgrupper og fagområde. I tillegg til diabetes arbeider vi innan hjarte-, lunge- og gastrofaget, og følgjer opp ei stor gruppe pasientar med IBD og andre pasientar som treng infusjonsbehandling Vi har også dialyse og onkologisk dagbehandling ved avdelinga vår. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, tett samarbeid med dyktige kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Er dette noko for deg? Send inn søknaden din allereie i dag! Kva går jobben ut på? Som diabetessjukepleiar vil du mellom anna jobba med  • individuell rettleiing og oppfølging av pasientar med diabetes • opplæring i pasienten si eiga behandling og meistring av sjukdommen • oppfølging av behandling, blodsukker og livsstilsfaktorar • samarbeid med legar og andre faggrupper • å bidra til fagutvikling og gode pasientforløp innan diabetes • bidra på fleire fagområder på medisinsk poliklinikk etter opplæring Du vil  ha hovudansvar for oppfølging innan diabetes, men me ynskjer at sjukepleiarane våre over tid skal ha kompetanse innan fleire fagområder. Det vil difor bli lagt tilrette for opplæring og kompetansebygging innan nokre av dei andre faga også. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Krav om vidareutdanning i diabetes • Dersom det ikkje er søkjarar med vidareutdanning i diabetes, er det aktuelt for sjukepleiar med andre relevante vidareutdanningar • God munnleg og skriftleg norskkunnskapar er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du • er fagleg nysgjerrig og etterspør rettleiing om du er usikker på noko • samarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver • har eit ekte engasjement for pasientane og gode pasientforløp 🌟Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du • ein spanande og variert arbeidskvardag • eit breitt og kompetent fagmiljø gode høve for fagleg utvikling • høve til å kombinera poliklinisik arbeid med turnusarbeid på anna post • eit inkluderande arbeidsmiljø der me ynskjer å spela kvarandre gode Me oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Tina Dahle Nilsen, Funksjonsleiar pleie Arbeidsstad Tysevegen 64 5416 STORD Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5178403465 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.