SK
Helsefagarbeidar i fast 70% stilling, f.t aften/natt
Vil du vere med og skape gode og meiningsfulle tenester for menneske med behov for støtte i kvardagen?
Vi har ledig fast 70% stilling for helsefagarbeidar med arbeid hovudsakleg på aften og natt.
Stillinga er knytt til tenester for personar med ulike bistandsbehov der tryggleik, fagleg kvalitet og gode relasjonar står sentralt.
Arbeidsoppgåver:
• Oppfølging og praktisk bistand til tenestemottakarar
• Miljøarbeid og målretta fagleg oppfølging
• Dokumentasjon i elektroniske fagsystem
• Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre vi samarbeider med
• Bidra til tryggleik og gode rutiner
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som helsefagarbeidar er ønskeleg
• Relevant erfaring frå helse- og omsorgsarbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
• Gode norskkunnskapar, både muntleg og skriftleg
• Førarkort kl.B
Personlege eigenskapar vi sett høgt og legg vekt på:
• Å være trygg, stabil og ansvarsbevisst
• Ha evne til å arbeide sjølvstendig og i stand til å gjere gode faglege vurderingar
• Vere positiv bidragsytar til eit positivt miljø på arbeidsplassen
• At du er fleksibel og finn løysingar
Tilsettingsvilkår:
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Du må ha førarkort kl.B.
Hos oss får du:
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
Link til søknadsskjema: Søk her