SK
Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Saman skaper me gode dagar i Suldal bu- og aktivitet
Me søkjer etter ein engasjert og fagleg trygg medarbeidar til eit 100 % vikariat frå snarast og til 31.07.2027.
Me ønskjer primært å tilsetje vernepleiar/sjukepleiar, men oppmodar også helsefagarbeidarar til å søkje.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø som kvar dag arbeider for å skape trivsel, meistring og gode opplevingar for menneske med behov for støtte og oppfølging i kvardagen. Me legg vekt på brukarmedverknad, relasjonsbygging og ei aktiv tilnærming til kvardagsmeistring.
Arbeidsoppgåver
• Målretta miljøarbeid og oppfølging av tenestemottakarar
• Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak
• Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faginstansar
• Dokumentasjon og fagleg oppfølging
• Bidra til aktivitet, meistring og gode opplevingar i kvardagen
Me ser etter deg som
• Er vernepleiar med norsk autorisasjon, eller har annan relevant helse- og sosialfagleg utdanning
• Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
• Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre
• Er sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert
• Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Me tilbyr
• Ei meiningsfull og variert stilling
• Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
• Moglegheit til å vere med og utvikle tenestene
• Fagleg støtte og rettleiing
• Løn etter gjeldande avtaleverk
Vil du vere med og skape gode dagar saman med oss? Då håpar me å høyre frå deg!
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Suldal Bu og Aktivitet.
Anne Egebjerg - einingsleiar, tel. 91157290
Karoline H Nordmark - avdelingsleiar, tel. 45297073
Link til søknadsskjema: Søk her