Rekrutteringssak - Helsefagarbeidar 2 x 100 % vikariat Bu- og habiitering

Kvinnherad kommune Bu og habilitering · ROSENDAL, NORGE · for 1 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Bu- og habilitering nord og sør er to einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv. Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.   Omtale av stillingane • 2 stk. vikariat på 100 % som helsefagarbeidar ved Bu- og habiitering frå d.d. til ut april-27. • Arbeidsstad bufelleskap i Rosendal. • Arbeidstida på vikariat nr. 1 er turnusarbeid med ordinære vakter i vekene og 4. kvar helg (14 t.) • Arbeidstida på vikariat nr. 2 er turnusarbeid med lange vakter (12,5 t.) og arbeid 3. kvar helg. • Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse.   Vi søkjer •  Etter personar med norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.   Kvalifikasjonar • Ha gode kommunikasjonsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø • God munnleg og skriftleg norsk framstilling • Kunna takla utfordrande adferd. • Ha sertifikat til bil Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.   Personlege eigenskaper • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • Du må vere fleksibel og løysningsorientert. • Ansvarsfull og nøyaktig • Sjølvstendig Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.   Vi tilbyr • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. • Ingen eigendomsskat pr. idag for hus , hytter og næring. • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet . • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage.   Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.