Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast Bu- og habilitering

Kvinnherad kommune Bu og habilitering · ROSENDAL, NORGE · for 1 d. siden
junior / graduateAnnetvia arbeidsplassen.no
Søk
Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsvariasjonar. Målet for eininga er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv. Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.   Omtale av stillingar • Fast vernepleiar/sjukepleiar stilling på 100 % som er ledige frå d.d. • Arbeidsstad bufelleskap i Rosendal. • Arbeidstida er turnusarbeid med ordinære vakter i vekene og 4. kvar helg (14 t.). • Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, sosial trening og opplæring i daglege gjeremål. Stillinga er tillagt fagleg ansvar knytta til kartlegging og planlegging av vedtak for brukarane.         Ved intern rekruttering, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetja i desse stillingane frå same søkjarmasse.   Kvalifikasjonar • Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar Andre med 3- årig høgskuleutdanning innan helse eller pedagogiske fag, samt relevant erfaring kan bli vurderte.            Søkjarar må ha sertifikat på bil     Eigenskapar • Fleksibel og løysningorientert • Gode evner til kommunikasjon • Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre • Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg • Kunna takla utfordrande adferd.   Vi tilbyr   • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av  studielånet . • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring. • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.   Søknad vert å senda   Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).   Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje   skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta   offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje   søknaden din.    Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.    Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.   Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.