KH
Audiopedagog
Vi har ledig 100% vikariat som audiopedagog ved høyresentralen, klinikk hovud-hals, Haukeland universitetssjukehus. Vi er opne for å tilby ein redusert stilling, t.d 50% til riktig kandidat.
Høyresentralen på Haukeland er del av ØNH avdelinga, og har for øyeblikket 12 audiografar og 2 audiopedagogar. Audiopedagog ved avdelinga vil arbeide sjølvstendig og i team med ØNH-legar, audiografar, sjukepleiarar og merkantile. Vi har ein svært variert pasientgruppe med alt frå nyfødde til personar over 100år, og audiopedagog vil få anledning til å jobbe med alle alderdsgrupper. Arbeidsoppgåvene blir utført på ØNH barnepoliklinikk i nye lokale i Glasblokkene, og på høyresentralen i Sentralblokka. Desse to bygga ligg tett på kvarandreå Haukelandsområdet.
Arbeidsoppgåver
• Delta i utredning, diagnostisering og oppfølging av høyrselstap hos barn
• Utgreiing og oppfølging av vaksne pasientar som blir vurdert for, eller har cochleaimplantat
• Utgreiing, diagnostisering og oppfølging av pasientar med APD, tinnitus, hyperacusis og misofoni
• Arrangere kurs, mellom anna på LMS (lærings-og meistringssenteret)
• Rådgiving og rettleiing til personar med nedsett høyrsel og høyrselsrelaterte utfordringar. Rådgiving og rettleiing til foreldre og pårørande
• Utføre leike-audiometri/VRA på barn i alderen 0-6 år saman med audiograf
Kvalifikasjonar
• Mastergrad i spesialpedagogikk, fortrinnsvis fordjuping i audiologi
• Relevant erfaring innanfor høyrselsområdet kan vege opp for utdanningskrav
• Erfaring med tinnitus, hyperacusis og misofoni er ein fordel
• Kjennskap til/erfaring med CI (cochlea implantat)
• Erfaring med barn med nedsett høyrsel
• Erfaring med rettleiingsarbeid
• Gode norskkunnskapar
• Engelsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
• Fagleg engasjement og motivasjon – du ønsker å utvikle deg som pedagog
• Pasientfokus – møter kvar enkelt pasient med respekt, empati og god kommunikasjon
• Sterke samarbeidsevne – lyttar, formidlar og samarbeider godt med både kollegaer og pasientar
• Kommunikasjon - Du har gode formidlingsevner, og tar ordet i møte og diskusjonar
• Personleg egnethet vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
• Ein arbeidsplass i stor utvikling, der mange yrkesgrupper samarbeider
• Høgt fagleg nivå
• Moglegheit til å bygge erfaring innanfor høyrselsrelaterte utfordringar
• Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
• Gode pensjonsvillkår
• Lønn etter gjeldande avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thomas Evenstad, Seksjonsleiar, thomas.evenstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5176130897
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 30.07.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026