MG
Helgestillingar
Likar du å arbeide med menneske, og har høve til å ta på deg fast arbeid på helg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen) har ledige helgsestillingar med gjennomsnittleg arbeid kvar 4 helg (fredag kveld, og langvakt 12,5-14 timar lørdag og søndag).
Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Avdelingane har både avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim. Du får nødvendig opplæring og rettleiing, både på arbeidsplassen og gjennom kurs, slik at du blir trygg i rolla di. Hos oss blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt for ein prat.
Tilredning etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
• Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle tiltak og behov
• Pleie- og omsorgsoppgåver og praktisk bistand til daglege gjeremål
• Tilrettelegging og miljøarbeid
• Observasjonar og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
• Helse- og sosialfagleg kompetanse; student, fagarbeidar, miljøterapeut, vernepleiar eller sjukepleiar
eller
• Ynskje om å arbeide med målgruppa sjølv utan formell fagkompetanse
• Du må vere over 18 år og kunne snakke og skrive godt norsk
• Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav
• Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Prøvetid 6 mnd.
•
Personlege eigenskapar
• Du ser heile mennesket og møter andre med respekt og omsorg
• Du er ansvarsbevisst og løysingsorientert
• Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Du tek rettleiing og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
• Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
• Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
• Tillegg på kr 500 pr. vakt med langvakter laurdag og søndag.
Kontaktinformasjon
Julie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 93 050
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159
Arbeidsstad
Grandavegen
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5079660544
Stillingsprosent: 23%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026