LK
Ungdomsarbeidar på ungdomsklubbane
Vil du vere med og skape ein trygg og inkluderande møteplass for ungdom?
Me søkjer fleire engasjerte og trygge vaksne til deltidsstillingar ved ungdomsklubbane i Luster (Hafslo og Gaupne). Klubben er ein viktig sosial arena for ungdom, der dei kan møtast, delta i aktivitetar og vere seg sjølve i eit rusfritt og positivt miljø.
Me ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn og erfaring velkomne, og personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.
Arbeidsoppgåver
• Vere til stades og bidra til eit trygt og inkluderande miljø
• Byggje gode relasjonar til ungdom
• Hjelpe til med matlaging
• Delta i og bidra til planlegging og gjennomføring av aktivitetar
• Samarbeide med kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
• Fylt 20 år
• Førarkort klasse B
• Interesse for ungdomsarbeid
• Gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit
• Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
• Har du ein hobby innan kultur, musikk, handverk eller gaming, eller likar å setje i gang aktivitetar, er dette positivt
Vi tilbyr
• Ein meiningsfull deltidsjobb
• Eit inkluderande arbeidsmiljø
• Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ungdomstilbodet
• Arbeidstid på ettermiddag og kveld, 1–2 kveldar i veka
• Rask oppstart
• Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter gjeldande lønstabell, ansiennitet og avtaleverk
Andre opplysningar
• Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
• Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
• Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her