Studiekoordinator Etter- og videreutdanning

FAV - Avd. Førde, Vestland fylkeskommune · FØRDE, NORGE · for 9 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Fagskulen Vestland søkjer ein strukturert og serviceinnstilt studiekoordinator til avdeling for etter- og vidareutdanning (EVU). Vi ser etter deg som trivst med koordinering, planlegging og administrativ oppfølging, og som ønskjer å bidra til at studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar opplever høg kvalitet gjennom heile studieløpet.    Som studiekoordinator vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av EVU-tilboda våre. Du vil arbeide tett saman med EVU-teamet, fagmiljø og samarbeidspartnarar, og vere eit viktig kontaktpunkt for studentane. Arbeidskvardagen er variert og krev god struktur, høg gjennomføringsevne og evne til å handtere fleire oppgåver samstundes.   Du blir ein del av eit engasjert og utviklingsorientert miljø som arbeider for å møte kompetansebehova i arbeidslivet gjennom fleksible og relevante utdanningstilbod. EVU-avdelinga er plassert i Førde, men utviklar og leverer studietilbod i heile Vestland fylke, på tvers av alle studiestadane i Fagskulen Vestland.      Om Fagskulen Vestland    Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Vi har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids og læringsmiljø.    Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.    Arbeidsoppgåver • koordinere planlegging, gjennomføring og oppfølging av EVU-tilbod  • administrere opptak, studentoppfølging, undervisning, eksamen og avslutning av studium  • produsere og oppdatere innhald til nettsider og ulike informasjonskanalar  • rettleie studentar og andre i bruk av Fagskulen Vestland sine IT-system  • vere kontaktpunkt for studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar gjennom studieløpet  • arbeide i system som Visma InSchool, Wiseflow, Elements og Microsoft 365  • rettleie studentar og søkjarar i spørsmål knytt til studium, opptak og regelverk   • handtere postmottak og bidra til god informasjonsflyt internt og eksternt   • bidra til rapportering, kvalitetsarbeid og administrativ oppfølging av studietilboda   • delta i utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og digitale løysingar   • utføre andre relevante oppgåver etter behov   Kvalifikasjonar • relevant utdanning (fagbrev, generell studiekompetanse, høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning)    • relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning   • erfaring frå studieadministrasjon, kundeservice eller anna administrativt arbeid   • erfaring frå utdanningssektoren eller offentleg forvaltning er ein fordel   • god digital kompetanse   • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk   Personlege eigenskapar • er serviceinnstilt, imøtekomande og oppteken av å skape gode opplevingar for studentar og samarbeidspartnarar   • arbeider strukturert, nøyaktig og systematisk   • har god evne til å planleggje, koordinere og følgje opp oppgåver   • trivst med fleire parallelle arbeidsoppgåver og høgt aktivitetsnivå i periodar   • tek ansvar, arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar   • samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø   • er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til gode rutinar og kontinuerleg forbetring   Vi tilbyr • gode moglegheiter for fagleg utvikling  • løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar    • stillinga er eit engasjement med moglegheit til forlenging Kontaktinformasjon Eilert Årseth, ass. rektor              , 47059233 Arbeidsstad Øyrane 12 6800 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5181643771 Stillingsprosent: 100% Anna Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 30.04.2027 Søknadsfrist: 05.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.