Sjukepleiar 100% fast stilling

Gvarv legesenter · GVARV, NORGE · for 10 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Gvarv legesenter er eitt av to legekontor i Midt-Telemark kommune, og ligg sentralt plassert ved Gvarv bru. Legesenteret held til i moderne, lyse og trivelege lokale som gir gode arbeidsforhold for både legar og helsesekretærar. Vi har opningstid frå kl. 08.00 til 15.30 på kvardagar, og fungerer i tillegg som daglegevakt for kommunen. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med eit breitt spekter av oppgåver og pasientgrupper. Ved legesenteret er det seks fastlegar og éin LIS1-lege. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø, tett samarbeid og fagleg utvikling. Hjelpepersonellet rullerer mellom arbeid i resepsjon, laboratorium og skadestove, noko som gir ein variert arbeidsdag og høve til å utvikle brei og allsidig kompetanse. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø som arbeider saman for å gi innbyggjarane i Midt-Telemark gode helsetenester. Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø, spennande faglege utfordringar og moglegheit til å vere med på å utvikle tenestene vidare. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver på laboratoriet: • Ta blodprøver og andre laboratorieprøver. • Utføre EKG og spirometriundersøkingar. • Utføre sårstell og sårskift. • Bistå legane i ulike medisinske og administrative oppgåver. • Utarbeide og oppdatere prosedyrar og rutinar. • Gjennomføre kontrollar og oppfølging av pasientar etter gjeldande rutinar. • Handtere andre oppgåver som naturleg høyrer til laboratoriedrifta. Arbeidsoppgaver i resepsjon: • Følgje opp og behandle meldingar som kjem inn via Helsenorge. • Svare på telefon og handtere innkomande førespurnader. • Ta imot og ekspedere pasientar i resepsjonen. • Bestille tolketenester, transport (taxi) og andre nødvendige tenester for pasientar. • Utføre andre administrative oppgåver knytt til resepsjonsarbeidet. Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar • Autorisert sykepleier  • Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B2 nivå) Ønska kompetanse • Erfaring frå legesenter er ein fordel Særskilde krav • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar • Glad i å arbeide med menneske • Evne til å handtere ein travel og hektisk arbeidskvardag • Gode samarbeidsevner og evne til å samarbeide med ulike yrkesgrupper • Fleksibel og omstillingsdyktig • Evne til å skape tryggleik for pasientar i ulike situasjonar • Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver Personlege eigenskapar vektleggast. Vi tilbyr • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk • Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. Kontaktinformasjon Eli Aaland, Avdelingsleiar, +47 90170836 Arbeidsstad Gvarvgata 69 3810 Gvarv Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5169014902 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.