Suldal sjukeheim søkjer etter nye kollegaer som kan tenkje seg ei helgestilling eller vere ringevikar sjå oss!

Suldal kommune Suldal sjukeheim · SAND, NORGE · for 10 d. siden
junior / graduateAnnetvia arbeidsplassen.no
Søk
Me treng nye kollegaer som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet vårt. Suldal sjukeheim har behov for deg som kan tenkje deg ei helgestilling eller vere ringevikar sjå oss!   Våren 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rette for å kunne trivast! • Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer • Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme • Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet • Me har årsturnus   Om stillingane • Stillingsstorleikar: arbeid kvar 3. helg eller etter behov • Stillingstype: fast helgestilling eller ringevikar • Oppstart: snarest Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig   Arbeidsoppgåver • Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen Kvalifikasjonar • Personlege eigeskapar vil bli vektlagt • Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt • Gode datakunnskapar • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Hjå oss i Suldal kommune får du • Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Engasjerte og dyktige kollegaer • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP • Bedriftshelseteneste • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • Nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysingar • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju • Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vere eldre enn tre månadar • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste Slik søkjer du • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju • Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00 Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.