ØS
Sjukepleiar/bioingeniør på Øystre Slidre legekontor- 50% fast
Vil du bli ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø? Då håpar vi å høyre frå deg!
Kommunen sitt legekontor ligg på Heggenes, sentralt plassert mellom Beitostølen og Fagernes. Ved legekontoret er det fire spesialistar i allmennpraksis og ein LIS1 lege, samt dyktige dyktige medarbeidarar innan sjukepleie og helsesekretærteneste.
Vi har no ledig 50% fast stilling, med moglegheit for å jobbe inntil 100% i periodar. Vi søkjer deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Hos oss får du arbeide tett saman med erfarne fagpersonar og bidra til gode helsetenester for innbyggjarane i kommunen.
Vi søkjer primært sjukepleiarar, men bioingeniørar er også velkomne til å søke.
Arbeidsoppgåver
• Betene telefon og resepsjon
• Ta imot og følgje opp pasientar i behandlingsrom
• Utføre prøvetaking og andre oppgåver på laboratoriet
• Bidra med andre oppgåver etter behov og kompetanse
Kvalifikasjonar
• Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar eller bioingeniør
• Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid på legekontor
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Det er krav om politiattest i stillinga, etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4 .
Personlege eigenskapar
• Du kan arbeide sjølvstendig, og i lag med andre
• Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Du har evne til å arbeide strukturert, også i periodar med høgt arbeidspress
• Du møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein imøtekomande og respektfull måte
• Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
• Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
• Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
• Du vil få opplæring av dyktige og hyggelege kollegaer
• Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale
• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5177808199
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026