Prosjektingeniør

Åseral kommune · ÅSERAL, NORGE · for 17 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår? Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen. Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane Arbeidsoppgåver Om stillinga Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt. Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna: • Bygg- og eigedomsprosjekt • VA-anlegg (vatn og avløp) • Infrastruktur- og vedlikehaldsprosjekt • Kommunale planar og utviklingsområde Du vil vere involvert i heile prosessen, frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt. Arbeidsoppgåver • Leie og koordinere investerings- og vedlikehaldsprosjekt • Utarbeide og følgje opp prosjektplanar, framdriftsplanar og budsjett • Gjennomføre offentlege anskaffingar og anbodskonkurransar • Evaluere tilbod og følgje opp kontraktar og leverandørar • Følgje opp entreprenørar, konsulentar og samarbeidspartnarar • Bidra i arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt • Sikre god rapportering til administrativ og politisk leiing • Bidra til god økonomistyring og prosjektkontroll • Vere ein aktiv bidragsytar i eininga og ta del i tverrfaglege oppgåver og arbeidsprosessar ut over eigne prosjektområde. Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du har: • Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg, VA, prosjektleiing eller tilsvarande • Erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing • Kunnskap om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk • God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging • God skriftleg og munnleg framstillingsevne Personlege eigenskaper Vi ser etter deg som: • Arbeider strukturert og sjølvstendig • Tek ansvar og får ting gjennomført • Har gode samarbeidsevner • Er løysingsorientert og initiativrik • Kommuniserer godt med ulike fagmiljø og interessentar Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr • Ei variert og spennande stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen • Faglege utfordringar og moglegheit for vidareutvikling • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer • Løn etter avtale og gode pensjonsordningar • Fleksibel arbeidstid etter gjeldande ordningar • Vi kan hjelpe til å finne bustad • Gratis SFO • Barnehageplass Kontaktinformasjon Dag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no Arbeidssted Bordalsbakken 10 4540 Åseral Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5177713808 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.