SK
Kyrkjelydspedagog 2. gongs utlysing
Suldal kyrkjelege fellesråd lyser ut etter ny KYRKJELYDSPEDAGOG. Stillinga er 80%, men det kan vere mogleg at den blir utvida med andre oppgåver.
I fellesrådsområdet (Suldal kommune) er det 4 sokn, 4 kyrkjer og to kapell. Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret, Sand, og i staben er det to sokneprestar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjeverje.
Suldal kommune ligg nordaust i Rogaland, og det bur i underkant av 4000 personar i kommunen. Vakker og variert natur som strekkjer seg frå fjord til høgfjell gir gode forhold for friluftsliv heile året. Det er godt barnehage-, skule- og kulturtilbod i kommunen
Arbeidsoppgåver
• Planlegge, administrere og gjennomføre tiltak i tråd med vedtekne planar - åleine, i samarbeid med andre tilsette og saman med frivillige medarbeidarar. Stillinga har hovudvekt på tiltaka frå 0-12 år, men bidrar óg i tiltak inn mot andre aldersgrupper.
• Medverknad ved gudstenester (omlag 1 gudsteneste pr månad) i tilknytning til undervisningsarbeidet
• Rekruttere og ivareta frivillige medarbidarar
• Ein del kvelds- og helgearbeid må påreknast
• Nokre administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
• Utdanning som kyrkjelydspedagog eller kateket, evt. anna pedagogisk (lærar eller barnehagelærar). Dersom det ikkje er søkjarar som oppfyller kvalifikasjonskrava, vil søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning bli vurderte
Personlege eigenskapar
• Har erfaring med kyrkjeleg barne- og ungdomsarbeid vil vere ein fordel
• Kan arbeide sjølvstendig og i team, har gode samarbeidsevner og evne til å byggja relasjonar
• Har engasjement for kyrkjeleg undervisning og trusformidling
• Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med born og unge
• Er strukturert og fleksibel
• Har førarkort og disponerer bil
• Beherskar norsk skriftleg og munnleg. Språkforma er nynorsk.
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Særskilde krav
• Medlemsskap i Den norske kyrkja
Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med kyrkja sitt trusgrunnlag og mål
• Politiattest jfr. Trossamfunnsloven §20
Me tilbyr
• Ein sjølvstendig og variert jobb med born og unge
• Fleksibel arbeidstid
• Varierte og meiningsfulle oppgåver
• Eit raust og fint arbeidsfellesskap på kyrkjekontoret (saman med to prestar, kyrkjeverje, diakon og kyrkjemusikar)
• Pensjonsordning i KLP
• Løn etter KA sitt regulativ
Kontaktinformasjon
Hilde Jorunn Arnø Vetrhus, kyrkjeverje, 41213033
Arbeidssted
Sandsvegen 134
4230 SAND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Suldal kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5182842023
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2026