KB
Rådgjevar barnehage og skule
Vil du vere med og utvikle barnehage- og skulesektoren i Haram kommune?
Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar i fagstab barnehage og skule. Stillinga rapporterer til kommunalsjef.
Vi søkjer ein fagleg trygg og utviklingsorientert rådgjevar som vil bidra til kvalitetsutvikling, god saksbehandling og heilskapleg oppfølging av kommunen sitt skuleeigaransvar. Stillinga gir høve til å arbeide både strategisk og praksisnært, i tett samarbeid med kommunalsjef, skuleleiarar og andre samarbeidspartnarar.
I stillinga som rådgjevar får du høve til å påverke utviklinga av barnehage- og skuleområdet i kommunen, gjennom varierte arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom fag, forvaltning og utvikling.
Arbeidsoppgåver
• skulefagleg rådgjeving og støtte til kommunalsjef og skuleleiarar
• kvalitetsutvikling og oppfølging av kommunale satsingar innan barnehage- og skuleområdet, herunder deltaking i tverrfaglege prosjekt og utviklingsarbeid
• saksbehandling, utgreiing og utarbeiding av notat, rapportar og politiske saksframlegg
• behandling av saker og enkeltvedtak knytt til elevar i privatskulane, i tråd med gjeldande regelverk og delegerte fullmakter
• samarbeid med interne og eksterne aktørar, til dømes skular, bibliotek og andre kommunale tenester
• planlegge og leie skuleleiar og SFO-leiarmøter (i eit samarbeid med fleire)
Arbeidsoppgåvene kan bli justerte i tråd med kommunen sine behov.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har:
• relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelorgrad
• erfaring frå skule, oppvekstsektor eller anna relevant offentleg verksemd
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
• god digital kompetanse
Det er ein fordel med:
• relevant vidareutdanning, til dømes innan jus, spesialpedagogikk eller utviklingsarbeid
• erfaring med kvalitets- og utviklingsarbeid
• erfaring med offentleg saksbehandling
• kjennskap til relevante regelverk innan oppvekstområdet
• erfaring med arbeid på tvers av fagområde og tenester
• forståing for kommunen sitt ansvar som skuleeigar
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du:
• arbeider strukturert og sjølvstendig
• har god rolleforståing og gjennomføringsevne
• samarbeider godt med andre, herunder at du evnar å skape tillit og relasjonar
• er analytisk og utviklingsorientert, og ser det "store bildet"
• kommuniserer klart og tydeleg
• kan handtere fleire oppgåver og prosessar samstundes
Personleg eignaheit og gode referanser vil bli tillagt stor vekt. Testing kan bli aktuelt.
Vi tilbyr
• ein fleksibel og variert kvardag
• ei spennande og meiningsfull stilling i eit viktig samfunnsområde
• løn etter avtale, og god pensjonordning
Kontaktinformasjon
Lill-Therese Eidsvik, Kommunalsjef, 41504764, Lill-therese.h.eidsvik@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 40
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5176051953
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 05.10.2026