LK
Fagleiar
Luster kommune søkjer engasjert og tydeleg leiar til Grandmo miljøteneste . Har du lyst til å kombinere leiarskap med eit viktig samfunnsoppdrag? Da kan dette vere stillinga for deg.
Grandmo miljøteneste yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane bur i bustadar knytt til Grandmo, i eigne bustadar – eller i andre kommunale husvære. Grandmo har dei siste åra fått fleire brukarar, og har blitt ei stor eining med om lag 64 årsverk. Tenesta er organisert i to team og ulike tiltak. Me søkjer no fagleiar i 100% stilling til eitt av teama.
Stillinga er eit vikariat, men det er moglegheiter for fast tilsetjing.
Hovudoppgåver
• Fagleg oppfølging og fagutvikling
• Planlegging, gjennomføring og evaluering av dagleg drift
• Samarbeid med brukarar, pårørande, tilsette og andre instansar
• Bidra til gode tenester og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
• Offentleg godkjent vernepleiar eller anna relevant utdanning på høgskulenivå
• Leiarerfaring er ønskjeleg
• Relevant praksis
• God munnleg og skriftleg kommunikasjon
• Gode digitale ferdigheiter
• Det vert stilt krav om politiattest
Personlege eigenskapar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ser etter deg som er:
• Samarbeids- og løysingsorientert
• Strukturert og sjølvstendig
• Ansvarsbevisst og tydeleg
• Profesjonell i møte med samarbeidspartnarar og medarbeidarar
Me kan tilby
• Arbeid i ein veldrive kommune med gode og sikre rammevilkår
• Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
• Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver
• Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Gode- og sikre kommunale vilkår med fleksibel arbeidstid
• Løn etter gjeldane tariffavtale
Andre opplysningar
• Administrasjonsmålet i Luster kommune er nynorsk
• I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
• Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her