Vil du bli vår nye maskinsjef?

Maritim Drift, Fjord1 AS · MOLDE, NORGE · for 5 md. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Solholmen-Mordalsvågen , p.t. MF Ivar Aasen. Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap. Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. På Ivar Aasen har vi ei valfri 7/12 ordning, som inneber at man i tillegg til ordinær skiftplan forpliktar seg til 7 ekstravakter som takast i løpet av året. For desse 7 ekstravaktene vert du kompensert for 12 vakter, derav 6 nattevakter og 6 dagvakter. I tillegg får man i ordninga heile året dekka reise utover 30km, til og frå arbeid første og siste tur.  Mordalsvågen - Solholmen er ei fin rute der du får pausar både midt på dag og på natt.  Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.  Arbeidsoppgåver • Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav. • Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem. • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden. • Opplæring av personell under si leiing. • Oppgåver knytt til alarminstruks. • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt. • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar. • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn. • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav. • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert. • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde. Kvalifikasjonar • Minimum M3-sertifikat • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta • Krise- og passasjerhandtering • Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar • Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.  Vi tilbyr • Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringordning der du ved å arbeide 7 ekstra dagar årleg får løn tilsvarande 12 overtidsvakter. • Reiseutgifter vert dekka ved første og siste reise i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km. • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap. • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. • Skiftordning: 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. • Treningsmoglegheiter om bord.  Kontaktinformasjon Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518 Arbeidsstad 6411 Molde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5126802066 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.