Dekkssjef til sambandet Hareid - Sulesund?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS · HAREID, NORGE · for 29 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Fjord1 har ledig stilling som dekkssjef i sambandet Hareid - Sulesund, p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Giskøy. Arbeidstidsordning er 2 veker på/1 veke fri, 2 veker på/3 veker fri. Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs. Søkar må bu lokalt. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid! Aktuelle søkarar blir kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver • Leiar for dekksavdeling • Vere avløysar for skipsførar • Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk • Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap • Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar • Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks Kvalifikasjonar • Minimum D3-sertifikat  • ROC/GMDSS - sertifikat • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling • Krise- og passasjerhandtering • Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar • Vi ser etter ein dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.  Vi tilbyr • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund. • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. • Gode velferdsordningar; som muligheit for å leige hytter/ leilegheiter, behandlingsforsikring, støtte til trening og gode rabattordningar. • Skiftordning: 2 veker på, 1 veke fri, 2 veker på og 3 veker fri.  Kontaktinformasjon Sigrunn Hellebust, Rekkrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no Arbeidsstad Hareid-Sulesund 6060  Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5171804419 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.