SK
ID 2474 Medarbeidar til helse- og omsorgstenester på Huglo - Tenester til heimebuande
Vil du bidra til å gje trygge og gode helse- og omsorgstenester til innbyggjarar på Huglo?
Stord kommune søkjer etter deg som ynskjer å vera med og yta nødvendige helse- og omsorgstenester til innbyggjarane på Huglo. Stillinga passar godt for deg som er sjølvstendig, ansvarsbevisst og har eit ønske om å bidra til gode tenester i lokalsamfunnet.
Stillinga er etter avtale og etter tilkalling ved behov. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett er busett på Huglo.
Arbeidsoppgåver
• Helse- og omsorgsoppgåver etter opplæring
• Praktisk bistand og oppfølging av brukarar i tråd med vedtak
• Samarbeid med heimebaserte tenester på Stord
• Dokumentasjon og kommunikasjon i kommunen sine fagsystem
Kvalifikasjonar
• Det er ikkje krav om formell helse- og sosialfagleg utdanning
• Personleg eigenskapar vert vektlagde
• Førarkort klasse B er ønskjeleg
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
• Er omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske
• Er sjølvstendig og påliteleg
• Har gode samarbeidsevner
• Er fleksibel og løysingsorientert
Me tilbyr
• Opplæring og rettleiing
• Meiningsfylte arbeidsoppgåver
• Løn etter gjeldande avtaleverk
For nærare opplysningar om stillinga, Kristin Steinsland, Einingsleiar Tenester til heimebuande mob. 41 69 42 66
Velkomen som søkjar!