HO
Sjukepleie- eller vernepleiestudent?
Sjukepleiestudent eller vernepleiestudent?
Vil du ha ein relevant og meiningsfull jobb ved sidan av studia? Hos oss får du fagleg utvikling, ansvar og verdifull erfaring i møte med menneske med psykiske helseutfordringar. Du blir ein del av eit fagmiljø med tett oppfølging, tillit og varierte arbeidsdagar – der du får høve til å gjere ein forskjell.
Arbeidsoppgåver
• Yte målretta og individuelt tilpassa tenester i tråd med vedtak, planar og gjeldande rutinar.
• Arbeide sjølvstendig og ha ansvar for å følgje opp struktur, aktivitetar og daglege gjeremål.
• Motivere, rettleie og bistå bebuar med praktiske oppgåver, eigenomsorg og hushald.
• Bidra til stabilitet, god døgnrytme og livskvalitet.
• Arbeide aktivt med relasjon, kommunikasjon og målretta miljøarbeid.
• Vere tydeleg og trygg i grensesetting. Observere, dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar.
Kvalifikasjonar
• Sjukepleie- eller vernepleiestudent.
• Beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg.
• Politiattest av ny dato må leggjast fram før tiltreding.
Ønskeleg med:
• Erfaring innan målretta miljøarbeid.
• Erfaring frå psykisk helsearbeid eller liknande tenester.
• Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
• Er omsorgsfull, stabil og påliteleg.
• Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og ansvarsfullt.
• Er trygg og tydeleg i møte med krevjande situasjonar.
• Er fleksibel, løysingsorientert og serviceinnstilt.
• Har gode evner til relasjonsbygging og profesjonell grensesetting.
• Forutan faglege kvalifikasjonar vert personlege eigenskapar vektlagt
• Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
• Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig.
• Er serviceinnstilt
Vi tilbyr
• Ein arbeidskvardag der ingen dagar er like, med mykje aktivitet og engasjement.
• Moglegheiter for utviklande og spanande arbeidsoppgåver der du følgjer brukarane våre over tid.
• Tilsetting på vilkår for kommunalt tilsette.
• Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot i KLP.
Kontaktinformasjon
Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd, +47 95855960
Arbeidsstad
Simamarka 46
6250 Stordal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Referansenr.: 5168369807
Stillingsprosent: 20%
Engasjement
Søknadsfrist: 04.10.2026