HF
Reinhaldsoperatør/erfaren reinhaldar
Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk og leverer reinhalds- og tekstiltenester til avdelingane ved Førde sentralsjukehus.
Reinhaldsavdelinga har ledig to faste stillingar i 100 % som reinhaldar.
Stillingane er knytte til sjukehuset sin bygningsmasse i Førde, og arbeidsoppgåvene vil for tida hovudsakleg vere knytte til alle bygg ved sjukehuset.
Arbeidstid
- Arbeidstida er organisert i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06.00-21.00 på kvardagar, inkludert ettermiddags- og kveldsvakter etter gjeldande vaktplan.
- Det er arbeid kvar tredje laurdag og arbeid på helge- og høgtidsdagar etter gjeldande vaktplan.
Arbeidsoppgåver
• Dagleg reinhald av til dømes behandlingsrom, pasientrom i sengepost, kantine, bad og toalett, kontor og fellesareal.
• Reinhald av operasjonsstover ved augeoperasjonar
• Behovsstyrt reinhald av obduksjonssal.
• Periodisk reinhald av dei ulike romkategoriane ved sjukehuset.
• Bruk av ulike typar reinhaldsmaskiner, inkludert sittemaskiner
• Smitteutvask
• Utføre eigenkontroll av reinhaldsarbeidet i tråd med gjeldande kvalitetskrav i reinhaldsstandard Insta 800
• Bruk av enkle dataverktøy i det daglege arbeidet
• Delta i utprøving av nye metodar og løysingar som kan effektivisere reinhaldsarbeidet, til dømes reinhaldsrobotar
Kvalifikasjonar
• Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget.
• Ved mangelande kvalifiserte søkjarar med aktuell fagkompetanse, vil søkjarar med erfaring frå reinhaldsyrket verte vurdert.
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Kjenne til og arbeide etter standard for reinhaldskvalitet Insta 800 og NS 6600.
• Må kunne planleggje og utføre periodisk renhold
• Må kunne bruke ulike typar reinhaldsmaskiner, oinkludert sittemaskiner
• Kjennskap til smitteoverføringspunkt og korleis desse skal reingjerast.
• Kjennskap til skiljet mellom reine og ureine soner
• Må kunne bruke nettbrett, då alle reinhaldsplaner er digitale.
• Må kunne bruke PC, då kurs, prosedyrar og kompetanseplanar er digitale.
• Ha interesse for å lære nye og meir effektive metodar innanreinhald, til dømes bruk av større og mindre reinhaldsrobotar.
Personlege eigenskapar
• Vere stabil og påliteleg
• Vere målretta, initiativrik og får arbeidsoppgåvene gjennomført med god kvalitet
• Ha engasjement for reinhaldsfaget og vere oppteken av å lbidra til eit reint og hygienisk sjukehusmiljø
• Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
• Trivast i eit travelt og omskifteleg arbeidsmiljø
• Ta initiativ til å lære ny teknologi og tileigne seg ny kunnskap innan reinhaldsfaget
• Bidra til å skape eit trygt og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Relevant opplæring for stillinga
• Varierte arbeidsoppgåver.
• Eit triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Høyland, Husøkonom, (+47) 578 39 378
Arbeidssted
Førde sentralsjukehus
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5182940011
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 05.10.2026