Lege i spesialisering i revmatologi

REVMATOLOGI OG HUD, Helse Møre og Romsdal HF · ÅLESUND, NORGE · for 1 d. siden
10+ år nevntHelsevia arbeidsplassen.no
Søk
Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering i revmatologi frå 04.01.2027 til 31.12.2027! Revmatologi er eit fantastisk interessant fag som kombinerer praktiske prosedyrar (m.a. ultralyd av kar, nervar, ledd/leddinjeksjonar), samt indremedisinsk puslespel-legging på eit komplisert immunologisk bakteppe. Vi søker deg som ønskjer ein variert og spennande kvardag, og som vil vere med og utvikle revmatologi-faget vidare saman med gode og engasjerte kollegaer. Supervisjon og veiledning er satt i system der overlege alltid er tilgjengeleg. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå spesialitetskomiteen i revmatologi for måten vi driv opplæring og oppfølging på. Vi har ein fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke. Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga har sengepost med 2 senger og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. I revmatologisk avdeling Ålesund har vi eit stort fagleg engasjement på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, som har gitt pasientar moglegheita til å ta i bruk det siste og nyaste av behandlingsmetodar. Arbeidsoppgåver • Lege i spesialisering rullerer mellom sengepost og poliklinikk Kvalifikasjonar • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning • Erfaring frå revmatologi vil bli vektlagt Personlege eigenskapar • Du likar å arbeide sjølvstendig samtidig som du støttar deg til erfarne kollegaer • Du er ansvarsbevisst • Du er fleksibel og samtidig strukturert • Du har gode samarbeidsegenskapar • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .  Kontaktinformasjon Ida Grøtta Barstad, Seksjonsleiar, +47 70105458, Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5182825786 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 11.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.