Inkluderingspedagog Hjelmelandsbarnehagen 100 % prosjektstilling

Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage · HJELMELAND, NORGE · for 16 d. siden
junior / graduate1+ år nevntAnnetvia arbeidsplassen.no
Søk
Me søkjer etter ein engasjert barnehagelærar som trivst i det pedagogiske arbeidet med barna på avdelingane, og som vil bruke kompetansen sin i ein stilling som inkluderingspedagog. Stillinga er ei 100 % prosjektstilling i Hjelmelandsbarnehagen. Dette inneber at ein jobbar i alle barnehagane i kommunen som inkluderingspedagog, men har ein av barnehagane som “base”. I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar; Hjelmeland, Fister og Årdal. Inkluderingspedagogen vil vere ein nøkkelperson i utviklinga av ein heilskapleg og inkluderande barnehagepraksis. Fokus vil vere på det praktiske og faglege arbeidet i barnehagen, mellom anna å integrere spesialpedagogisk hjelp i barna sine kvardagsaktivitetar og styrke den allmennpedagogiske kompetansen i barnehagen. Du vil jobbe tett med dei tilsette i barnehagen for å sikre at barn med ulike behov får støtte innanfor fellesskapet.    Arbeidsoppgåver: • utøve pedagogisk arbeid i avdelingane, og vere ein rollemodell i praksis • rettleie og styrke barnehagen sine tilsette i inkluderande praksis og tidleg innsats • sikre at spesialpedagogiske tiltak vert integrert i det allmennpedagogiske arbeidet og i barna sine naturlege læringssituasjonar • jobbe systematisk med pedagogisk analyse for å identifisere og følge opp behov i barnegruppene • samarbeide tett med PPT og andre relevante instansar, for å sikre heilskapleg oppfølging av barn med spesialpedagogiske behov • bidra til utvikling av barnehagen sin kompetanse, innan område som m.a. språk, åtferdsregulering og psykososialt miljø • vere ein ressurs i samtalar med føresette Personlege eigenskapar: Me vil vektlegge høgt at du er personleg eigna. Me ser etter deg som: • har engasjement for inkluderande praksis i barnehagen • har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team med barnehagetilsette og eksterne fagpersonar • er sjølvstendig, strukturert og fleksibel, med evne til å drive utviklingsprosessar • trivst med modellering, rettleiing og kompetanseheving av personalet i barnehagen   Kvalifikasjonar: • godkjent barnehagelærarutdanning eller annan likeverdig utdanning, jamfør barnehagelova § 25 • gode norskspråklege kunnskapar, skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova § 27 og § 28 • kompetanse innan rettleiing og/eller spesialpedagogikk kan verte vektlagt • erfaring med inkluderande praksis, systemarbeid, pedagogisk analyse og tilrettelegging kan vere ein fordel   Varigheit på stillinga: 1 år (kalenderåret 2027), med moglegheit for forlenging.   Me tilbyr: •   løn etter gjeldande avtaleverk •  pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale •  barnehagar som er engasjerte i pedagogisk utviklingsarbeid •  gode kollegaer og godt arbeidsmiljø •  kompetanseutvikling for alle tilsette •  ulike rekrutteringstiltak , m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me som hovudregel redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling. Hjelmeland kommune er oppteken av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, kulturskule, brann og redning. Elektronisk søknadsprosess Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her . Det er viktig for vidare handsaming av søknaden din at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggje ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen. Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunen si heimeside . Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00. Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.