GK
Biblioteksjef, i inntil 50% vikariat
Om stillinga
Gulen kommune søkjer ein engasjert og initiativrik vikarierande biblioteksjef. Det vert ledig i inntil 50% vikariat kring november 2026 til medio oktober 2027. Biblioteksjefen skal, saman med bibliotekmedarbeidarane i Gulen kommune, stille bøker og andre medier til rådigheit for innbyggjarane. Biblioteket skal bidra til kunnskap, utdanning og andre kulturelle aktivitetar, samt vere ein offentleg arena og møteplass.
Bibliotektenesta i Gulen kommune er i utvikling og me jobbar med lokasjon for hovudbiblioteket og utvikling av noverande filial. Som vikarierande biblioteksjef vil du vere med i dette utviklingsarbeidet og legge til rette for ein god prosess. Gulen kommune har desentralisert bibliotekteneste. Hovudbiblioteket ligg i kommunesenteret Eivindvik, og det er filialar i skulekrinsane Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Det er eigne bibliotekmedarbeidarar ved filialane. Biblioteksjefen har kontor i Eivindvik, og er organisert under sektor oppvekst og kultur og eining kultur og mangfald. Som vikarierande biblioteksjef vil ein ha tett samarbeid med einingane i sektoren, noko som skapar godt tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsoppgåver
• Ansvar for og deltaking i dagleg drift og utvikling av bibliotektenestene i kommunen
• Legge til rette for og gjennomføre arrangement
• Administrere oppgåver
• Sikre at bibliotekverksemda følgjer gjeldande lover, reglar og nasjonale føringar for bibliotek
• Rettleiing og oppfølging av biblioteksmedarbeidarane, deriblant bruk av VismaTid
• Andre oppgåver som måtte kome til
Noko kveldsarbeid må påreknas
Me tilbyr
• Ein kjekk arbeidskvardag i ein kommune i utvikling
• Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
• Her er gode vilkår for fagleg utvikling og moglegheit for styring av eigen arbeidskvardag
• Gode forsikring- og pensjonsordningar
Kvalifikasjonar
• Godkjent bibliotekarutdanning frå høgskule eller universitet jamfør "Forskrift om kvalifikasjonskrav for ansatte i folkebibliotek". Andre kan også verte vurdert dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar
• Erfaring frå arbeid i bibliotek er ein fordel
• God IKT- og systemkompetanse
• Gode skriftleg og munnleg framstillingsevne. Må kommunisere godt på norsk
• Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
• Brenn for biblioteket sin plass i samfunnet
• Må vere engasjert, serviceinnstilt, strukturert og fleksibel
• Må ha gode evner til både samarbeid og sjølvstendig arbeid
• Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
• Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
• Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
• For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
• Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering