Sekretær/Helsesekretær

STRÅLETERAPI/KONTOR, Helse Møre og Romsdal HF · ÅLESUND, NORGE · for 10 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Vil du vere med på vinnerlaget og skape helsetenester til våre pasientar i eit spennande fagmiljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg! Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig et 70% vikariat som sekretær/helsesekretær frå snarast og til og med 30.09.2027, med moglegheit for forlenging. Ved interne omrokkeringer vil stillingsprosenten kunne endres. Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Merkantil seksjon er knytt til stråleterapi, men du vil ikkje jobbe direkte med stråleterapi. Som sekretær hos oss, blir du inkludert i eit svært tverrfagleg team og vi yter service både til poliklinikken og sengeposten i kreftavdelinga. Du vil samarbeide både med legar, sjukepleiarar på kreftpoliklinikken, og personale på stråleterapien. Vi roterer på dei fleste arbeidsoppgåvene og du bør vere førebudd på å serve både poliklinikk og sengepost. Arbeidsoppgåver • Sekretær/helsesekretær si rolle inneheld overordna grad av service, kommunikasjon, formidling, koordinering og øvrig merkantilt arbeid • Sekretæren/helsesekretæren skal støtte og tilrettelegge for pasientar, pårørande og pasientbehandlarar • Delta i seksjonen sine daglege arbeidsoppgaver i poliklinikk/sengepost (eks: telefon, post, luke, handtering av ventelister, dokumentasjon, koding og rapportering) • Sekretæren/helsesekretæren skal arbeide etter Helse Møre og Romsdal sine verdier: Kvalitet – Tryggleik – Respekt Kvalifikasjonar • Relevant erfaring • Utdanning/autorisasjon som sekretær/helsesekretær • Må beherske norsk skriftleg og munnleg • Gode datakunnskapar • Fordel med erfaring i Helseplattformen • Kjennskap til prosedyrearbeid og kvalitetssystem (EQS etc.) Personlege eigenskapar • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør • Du trivst i eit hektisk miljø • Du er innovativ, nysgjerrig, initiativrik og endringsvillig • Du må kunne samarbeide på tvers av faggrupper Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .  Kontaktinformasjon Kristin Farstad, Seksjonsleiar, kristin.farstad@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5178372772 Stillingsprosent: 70% Vikariat Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 24.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.