Sjøvakt 2:2 turnus

Fjord1 - Maritim Drift · RENNESØY, NORGE · for 7 d. siden
Sikkerhetvia arbeidsplassen.no
Søk
Vi søker no etter ein dekkssjef på sambandet Arsvågen–Mortavika.  Turnus er 2 veker på og 2 veker av, noko som gir deg lange, samanhengande friperiodar og gjer det enklare å planleggje familieliv og fritid. Under arbeidsperioden bur du om bord, og rederiet dekker reise til og frå arbeidsperioden. Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs. Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg.  Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver • Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift  • Vere avløysar for skipsførar  • Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg • Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav • Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk • Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet  • Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar • Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte • Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal  • Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer  • Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet Kvalifikasjonar • Minimum D2-sertifikat • GMDSS/ROC sertifikat • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling • Ferdighetssertifikat videregående IGF • Krise-og passasjerhandtering • Gyldig helseattest • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig  Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar • Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.  Vi tilbyr • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund. • Sjøvakt: 2 veker på, 2 veker av. • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode. • Treningsrom om bord i fartøyet. • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no Arbeidssted E39 4150 Rennesøy Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5182985247 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.