SB
Er du sjukepleiar og ønskjer ein jobb der du får brukt heile breidda av faget ditt?
Vi har no ledig 100 % vikariat ved korttids- og rehabiliteringsavdelinga på BUAS i Sykkylven. Hos oss får du arbeide med akutte observasjonar, rehabilitering, palliasjon og medisinsk oppfølging i tett samarbeid med lege, fysioterapeut og ergoterapeut. Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre.
Vi er ei avdeling med 14 plassar, inkludert ein KAD-plass, eit rom til palliasjon og ein avlastningsplass. Hos oss arbeider sjukepleiarar tett saman med helsefagarbeidarar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.
Som sjukepleiar hos oss får du:
✅ varierte og fagleg interessante arbeidsdagar
✅ høve til å utvikle kliniske ferdigheiter og fagleg tryggleik
✅ stort handlingsrom og sjølvstende i eigen arbeidskvardag
✅ gode kollegaer som støttar og lærer av kvarandre
✅ eit arbeidsmiljø prega av humor, engasjement og samarbeid
Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte sjukepleiarsøkarar, kan autoriserte helsefagarbeidarar bli vurderte for stillinga.
Sjå meir av den kjekke arbeidskvardagen på instagram-kontoen vår her: https://www.instagram.com/korttids_rehab_sykkylven?igsh=bW1yZDhxYnJnZmZu
Arbeidsoppgåver
• Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette behov
• Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon
• Medikamenthandtering og ulike behandlingstiltak
• Rehabilitering og palliativ omsorg
• Samhandling med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
• Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre tenester
• Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
Kvalifikasjonar
• Autorisasjon som sjukepleiar. Helsefagarbeidarar kan også søke.
• Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
• Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
• Evne til å halde seg fagleg oppdatert
• Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
Personlege eigenskapar
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Vere strukturert og løysingsorientert
• Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
• Vise fagleg engasjement
• Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
• Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
• Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
• Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
• Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
• Moglegheit til å arbeide langvakter kvar fjerde helg
• God grunnbemanning
• Fast internundervisning i turnus
• Moglegheit for kurs og vidareutdanning
• Rekrutteringstillegg til nytilsette
• Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
• Godt tverrfagleg samarbeid
• Inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
• Sykkylven kommune kan også vere behjelpelig med å skaffe bolig
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Kristine Bjørnestad, avdelingsleiar, 99494743, kristine.bjornestad@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar
Arbeidsstad
Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5181618527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026