Fagarbeidar - vikariat

Suldal kommune Erfjord skule · ERFJORD, NORGE · for 1 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Me søkjer etter deg som vil vera med på laget vårt. Erfjord skule er ein 1-7.skule med 76 elevar skuleåret 2026/2027. 100% vikariat frå 01.01.27 til 31.07.27 med mogleigheit til forlenging Kvalifikasjonar: • Fagbrev i barne-og ungdomsarbeid Me søkjer deg som: • Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn. • Er fleksibel • Er deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg. • Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn. • Bidreg til eit positivt læringsmiljø • Tilstadeverande. • Fagleg interessert. I tillegg ønskjer me at du har: • Eit positivt menneskesyn. • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar. • Gode norskkunnskapar. • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine • Evne til å jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din. • Erfaring frå arbeid i barnehage-/ skule Hos oss i Suldal kommune får du • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Engasjerte og dyktige kollegaer • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Bedriftshelseteneste • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • Nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysningar: • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan • ikkje vere eldreenn tre månadar • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Slik søkjer du • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar. • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.