Vil du bli vår nye dekkssjef på hurtigbåtane i Bergen?

Fjord1 - Maritim Drift · KLEPPESTØ, NORGE · for 3 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Fjord1 har no ledig stilling som dekkssjef på hurtigbåtane som  trafikkerer sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta).  Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av.  • Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag. • Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.       Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette. I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid. Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg, men dette blir avtalt nærare med aktuell kandidat.  Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver • Leiing av dekksavdeling • Vere avløysar for skipsførar • Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk • Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap • Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar • Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks Kvalifikasjonar • Minimum D4 sertifikat • GMDSS/ROC-sertifikat • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta • Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy • Ferdighetssertifikat medisinsk behandling • Krise-og passasjerhandtering • Gyldig helseattest Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi søker etter ein dyktig overstyrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi kan tilby deg • Lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid. • Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden. • Turnus: 12 dagar på og 16 dagar av. • Reise er ikke dekket. • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar. • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer. • Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no Arbeidssted Strandkaien 15 5013 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5184140763 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.