Vikariat som avdelingsleiar i heimesjukepleien

Suldal kommune Suldal heimeteneste · SAND, NORGE · for 15 d. siden
junior / graduate0+ år nevntAnnetvia arbeidsplassen.no
Søk
Heimetenestene i Suldal kommune søkjer vikar som avdelingsleiar for heimesjukepleien i 100 % stilling, i perioden frå snarast og fram til 31.08.2027. Unde heimesjukepleien ligg også praktisk bistand og dagsenterdrift. Avdelingsleiar har personal- og fagleg ansvar for tilsette i avdelinga, og er ein sentral del av leiargruppa i eininga. Interne vert oppmoda til å søkje, og kvalifikasjonsprisippet vert fulgt.   Om oss Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og er delt i to hovudavdelingar - Heimesjukepleien (inkl Praktisk bistand og Dagsenterdrift) og Psykisk helse (inkl  ROP-teneste, tildelingskontor, Demenskoordinator, ergoterapeut, Barne-og familieteam og Barnekoordinator). Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 55 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år +, heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp».   Arbeidsoppgåver •     Personalansvar for dei tilsette i avdelinga. •     Dagleg drift i avdelinga. •     Oppfølging av sjukemelde •     HMS-oppfølging/ansvarleg i avdelinga; ansvar for arbeidsmiljø og arbeidsforhold •     Medarbeidarsamtalar i avdelinga. •     Ansvar for at det skjer fagleg utvikling i avdelinga, herunder å planlegge og kalle inn til internundervisning, halde oversikt over kompetansebehov, og samarbeide tverrfagleg ved behov, både internt og eksternt. •     Opplæring av nytilsette – avklare opplæringstider og bruke «opplæringshefte for nytilsette». •     Turnusarbeid •     Følgje opp satsingsområda for heimetenesta, jf. Gode pasientforløp, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi og andre tiltak som bidrar til auka sjølvstende i eigen heim. •  Ta medansvar for organisering innflytting  og drift av Vinjarheim bukollektiv   Kvalifikasjonar •     Autorisasjon som sjukepleiar, eventuelt annan relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning. •     Relevant erfaring frå heimetenesta eller annan kommunal helse- og omsorgstjeneste. •     Erfaring med leiing, koordinering eller fagansvar er ein fordel. •     Kjennskap til turnusplanlegging og arbeidstidsbestemmelser. •     God digital kompetanse, gjerne erfaring med elektronisk journalsystem. •     Gode norskkunnskapar, muntleg og skriftleg. •     Politiattest må leggast fram før tilsetjing, jf. krav i helse- og omsorgstenestelovgivinga.   Vi søkjer deg som •     Er tydeleg og trygg i leiarrolla, og god på å byggje relasjonar. •     Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. •     Er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig. •     Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ i ein hektisk arbeidsdag. •     Har interesse og engasjement for fagleg utvikling og kvalitetsarbeid.   Vi tilbyr •     Spennande og utviklande leiaroppgåver i eit godt fagmiljø. •     Løn etter avtale / gjeldande tariffavtale. •     Gode pensjons- og forsikringsordningar. •     Ein arbeidsplass med fokus på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. •     Ein del av ei engasjert leiargruppe i eininga.   Slik søkjer du: • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.  • Vedlegg: CV, relevante vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Vitnemål og attestar må lastast opp som vedlegg, og vil bli brukt ved eventuelt intervju. • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00. Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.