100% vikariat barnehagelærer hos Rones barnehage

Rones Barnehage · SOGNDAL, NORGE · for 14 d. siden
Utdanningvia arbeidsplassen.no
Søk
Vil du vere med og skape magiske barnehagedagar? Ynskjer du å bidra til at barn får ein god start på livet? Har du barnet i fokus, er kreativ, har stort pågangsmot og samarbeida godt? Då har du ein unik moglegheit! Ein av pedagogane vår går ut i permisjon. Rones barnehage søkjer derfor snarleg pedagog i 100% vikariat ut barnehageåret. Kva vil du gjere hos oss? • Skape trygge, gode og utviklande dagar for barna • Planleggje og gjennomføre pedagogiske aktivitetar • Vere ein aktiv og tilstedeverande vaksen i leik og samspel • Bidra til godt samarbeid med kollegaer og føresette • Vere med og utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen Kven er du? • Du er utdanna barnehagelærar, eller har anna relevant utdanning • Du er engasjert, varm og tilstadeverande • Du likar å vere aktiv saman med barna - både ute og inne • Du samarbeidar godt med andre og bidreg positivt i arbeidsmiljøet • Du er kreativ, nysgjerrig og likar varierte dagar Me tilbyr: • Lønns- og pensjonsvilkår etter PBL sin tariff • Positivt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar • Ein barnehage med særpreg • Støtte til medlemskap på treningssenter Søknadsfrist: Snarast og innan 1.oktober 2026 Spørsmål rettast til dagleg leiar Ingrid Synnøve Fønnebø. Søknad med rettkjende kopier, vitnemål og attester sendast til: Rones Barnehage, Helgheimsvegen 7, 6856 Sogndal eller e-post: post@ronesbarnehage.no Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.