DP
Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar
Vi søker etter ein engasjert og trygg psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar til eit 100% vikariat i vår døgnavdeling på DPS.
Døgnposten har 17 sengar, 14 plassar for generelt døgntilbod og tre sengar brukerstyrte plassar. Pasientane våre kjem elektivt og ved interne overflyttingar frå andre sjukehuspostar. Ved vår avdeling tilbyr vi utgreiing og behandling. Miljøterapi er ein viktig del av tilbodet i døgnposten og inneber at vi tilbyr mellom anna IMR (illness management and recovery), gruppeterapi, friluftsterapi, grupper med fysioterapeut og liknande.
Hos oss får du ein variert og meningsfull arbeidskvardag med fokus på heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar. Du blir en del av et tverrfaglig team med dyktige og engasjerte kollegaer.
Arbeidsoppgåver
• Pasient oppfølging/koordinering
• Medikamenthåndtering
• Tverrfagleg samarbeid
• Pasientundervising og oppfølging til pårørande
• Miljøoppgaver
• Rettleiing av studenter
Kvalifikasjonar
• Offentleg godkjent sjukepleiar fortrinnsvis med videreutdanning innan psykisk helsearbeid
• Erfaring med arbeid innan psykiske lidingar er ønskeleg
• Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar
• Sertifikat for bil
Personlege eigenskapar
• Du har gode samarbeidsevner og er fagleg engasjert
• Du er trygg, fleksibel og opptatt av pasientens beste
• Du er Initiativrik, kreativ og positiv
• Du har god arbeidskapasitet, godt humør og bidreg til positivt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.no
Stine-Mari Valde, Teamkoordinator, 70106786
Arbeidsstad
Vegsundvegen 68
6020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5175565467
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 13.10.2026