Helsefagarbeidar, 56% fast stilling

Gulen kommune · BYRKNESØY, NORGE · for 7 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Om stillinga  Gulen kommune har ledig 56% fast stilling som helsefagarbeidar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Stillinga er for tida knytt til avdeling Byrknes, med ein kombinasjon av kort- og langvakter i vekedagane. Det er langvakter kvar 4. helg.  Me søkjer helsefagarbeidar, men søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar .  Me tilbyr:  • Løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus • Ekstra helgekompensasjon ved gjenomført vakt  • Gode pensjons- og forsikringsordningar I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.  Arbeidsoppgåver  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane • Andre oppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonskrav  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling.  • Førarkort klasse B • Gyldig politiattest ved tilsetjing • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk) Personlege eigenskapar  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.