MA
Seksjonsleiar medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus
Vil du vere med og vidareutvikle framtidas medisinske tenester i Helse Førde?
Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027.
Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterkt
engasjement og eit viktig samfunnsoppdrag.
Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for
sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling.
Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset og
samarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta.
Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning og
innovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske
spesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028
tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko som
vil styrkje fagmiljøet ytterlegare.
Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta og
blir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett med
fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og vere
med på å forme tenestene for framtida.
Arbeidsoppgåver
• Utøve heilskapleg leiing med ansvar for fag, økonomi og personal
• Planlegge og legge til rette for utdanning av LIS-legar i ulike utdanningsløp
• Planlegge oppgåver og fordele ressursar
• Fremje godt samarbeid på tvers av profesjonar, seksjonar og avdelingar
• Månadleg rapportering av aktivitet og økonomi, og delta i budsjettprosess
• Delta i leiarmøte i avdeling, klinikk og føretak
• Drive kvalitetsarbeid, som inkluderar internkontroll, handtering av avvik, saker til NPE og arbeid med forbetringsprosjekt
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
• Helsefagleg bakgrunn
• Leiarerfaring og vilje til å ta relevant leiarutdanning
• Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Føretrekte kvalifikasjonar
• Erfaring med drift av legeteneste og døgndrift i sjukehus
Personlege eigenskapar
• Du har gode organisatoriske og relasjonelle evner
• Du er fleksibel og positiv, samstundes som du er resultatorientert og beslutningsdyktig
• Du har eigenskapar som fremjar god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt
• Du har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta
Vi tilbyr
• Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeids- og fagmiljø
• Lønn etter avtale
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan leiing
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Laila Haugland, Avdelingssjef, 481 01 340
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5174737973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026