Helsefagarbeidar ved Seljetunet

Seljetunet omsorg og rehabilitering, Stad kommune · SELJE, NORGE · for 2 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Helsefagarbeidar – fleire faste stillingar ved Seljetunet Vil du ha meir samanhengande fritid og påverke eigen turnus? Vi har frå dags dato fleire ledige faste stillingar i ulike stillingsstørrelsar og helg som helsefagarbeidar ved Seljetunet – og vi vil gjerne ha deg med på laget! Assistentar er òg velkomne til å søkje med oss. Dette får du hos oss • Langvakter frå desember → meir fri, færre oppmøte • Fleksibel turnus (årsarbeidsplan) • Moglegheit til å påverke eiga arbeidstid og turnus • Inntil 10 % frie timar – jobb ekstra når det passar deg • Moglegheit for fleire helgar i turnus mot ekstra kompensasjon • Sommaravtale med ekstra kompensasjon • Eit miljø der vi testar nye løysingar og tenkjer nytt Ein jobb med meining – og utvikling • Hos oss jobbar du tett på menneske – og får brukt både fagkunnskap og personlege eigenskapar kvar dag. • Du blir ein del av eit fagmiljø som: - Satsar på utvikling og kvalitet - Ønskjer nye idear frå tilsette - Gir deg moglegheit til å påverke • Er du lærling og snart ferdig, eller ønskjer du fagbrev? • Hos oss legg vi til rette for at du kan ta fagbrev på jobb! Om arbeidsplassen Seljetunet gir tenester til bebuarar i institusjon og bufellesskap. Vi har: • 47 plassar totalt • 31 langtidsplassar i institusjon • 16 bemanna omsorgsbustader • Eigne tilbod innan korttids- og avlastingsopphald • Vi har også eige institusjonskjøkken og eit sterkt fokus på gode kvardagar for bebuarane våre. Kven er du? • Du er helsefagarbeidar – eller ønskjer å bli det • Du likar å jobbe med menneske • Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på • Du ønskjer ein jobb der du kan utvikle deg Arbeidsoppgåver • Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer • Samarbeid med pårørande • Tverrfagleg samarbeid • Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart Kvalifikasjonar • Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar • Er du lærling oppfordrar vi deg til å søkje • Assistentar er òg velkomne til å søkje • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid • Tek initiativ og ansvar • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Fokus på etikk  Vi tilbyr • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk • Årsturnus der 10 % av stillinga kan vere frie timar. • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon • Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg), og i vekedagane for lengre friperiodar • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Flyttegodgjersle • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Stad kommune har seks månader prøvetid.  Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.  Kontaktinformasjon Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Seljetunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no Stine Fylling, Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449 Arbeidsstad 6740 Selje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5184938747 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.