VS
50% vikariat som reinhaldar
Støttetenester, Voss sjukehus som består av reinhald, portør og innkjøp, har eit godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidarar. Voss sjukehus har om lag 420 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.
Me har no ledig 50% stilling som reinhaldar i vikariat frå 9. oktober 2026 til 14. juni 2027. Stilling i turnus med dag-, kveld- og helgevakter.
Arbeidsoppgåver
• Hovudreinhald
• Reinhald av personalbustadar
• Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
• Vedlikehaldsoppgåver
• Smittevask
• Vask og reiing av senger
• Arbeidsoppgåver i postkjøkken
Kvalifikasjonar
• Me søkjer etter personar med interesse for, og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget
• Det er ikkje krav til fagbrev, men vil vere ein fordel
• Det er krav til gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
• Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
• Vera utadvent og serviceinnstilt
• Arbeida strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
• Kunne arbeide sjølvstendig mn òg ha gode samarbeidsevner
• Arbeidet er fysisk krevande
Vi tilbyr
• Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
• Godt fagleg arbeidsmiljø og teamarbeid med motiverte og hyggjelege kollegaer
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytta Vitnemålsportalen for å lasta opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bjarte Nedkvitne, Seksjonsleiar, 99546788
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5181109484
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 27.09.2026