Helsefagarbeidar

Hareid kommune, skjerma eining og bu- og korttidseininga · HAREID, NORGE · for 21 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Vi har dyktige tilsette som har blitt eller skal bli pensjonistar og har difor ledig faste stillingar som helsefagarbeidar på bu- og korttidseininga og skjerma eining. Vi har også ledig fast stilling som helsefagarbeidar på natt i bu- og korttidseininga, og sjukevikariat som helsefagarbeidar på natt i skjerma eining. Stillingane varierer i storleik, og har alle for tida arbeid kvar tredje helg. Vi tilpassar stillingsstorleik til behov og ønske. Oppgje kva du ønsker i søknaden. Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er fleksible og positive til endringar. Skjerma eining er i hovudsak langtidseining for personar med langtkomen demenssjukdom, men har også korttidsopphald. Vi jobbar tett på pasientane for å skape tryggheit og stabilitet gjennom døgnet Arbeidsoppgåver • sikre at tenester utøvast på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak • pleie - og omsorgsoppgåver til pasientar i sjukeheim • ta medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS • bruke velferdsteknologi i dagleg arbeid • delta i kvalitetsutvikling av einingane Kvalifikasjonar Du • har autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar • kan medikamenthandtering • meistrar bruk av elektronisk pasientjournal og velferdsteknologi • må kunne arbeide turnus  • beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Vi ønskjer medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte. Du må vere fagleg oppdatert, viser respekt og vere raus i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, klarer å prioritere og har gjennomføringsevne. For oss er personsentrert omsorg og fagleg utvikling ein naturleg del av kvardagen, og vi forventar at du deler dette engasjementet Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar - stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral er viktig for oss. Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen. Intervju vert gjennomført og referansar frå siste arbeidsstadar vert sjekka Vi tilbyr • ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsfellesskap • spennande faglege utfordringar • kurs gjennom Visma og NHI • forsikring- og pensjonsordning gjennom KLP • funksjonstillegg på kr 5000 per år (full stilling) på fast tilsette på natt Kontaktinformasjon Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, 94198242 Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45 Arbeidsstad Teigevegen 55 6060 HAREID Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Hareid kommune Referansenr.: 5140989094 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.